Annonsørinnhold fra Coop Prix

Hva er dette?

Butikksjef Jane K. Helle forteller at kundane på Coop Prix Vaksdal helst veljer norsk frukt og grønt.
Butikksjef Jane K. Helle forteller at kundane på Coop Prix Vaksdal helst veljer norsk frukt og grønt.

Coop Prix Vaksdal satsar stort på frukt og grønt

Smakfulle tomatar og søte gulrøter. Coop Prix Vaksdal satsar på norsk frukt og grønt heile året. Nyt freisting i verdsklasse – rett frå garden.

Annonsørinnhold fra

- Det er absolutt ingenting som slår norske eple og jordbær. Smaken er nydelig og ein set endå større pris på produktet når det er lokalt, seier Jane K. Helle.

Coop Prix Vaksdal

Botnavegen 10
5726 Vaksdal

Opningstider
Mån - fre: 08:00 - 21:00
Laur: 08:00 - 20:00
Søn: Stengd

Ho er butikksjef for Coop Prix Vaksdal. Butikken arbeider hardt for å tilby eit breitt utval av norsk frukt og grønt til sine kundar. Vi blir stadig meir bevisst på kvar maten vi puttar i oss kjem frå. Den uavhengige stiftelsen Matmerk jobbar for å fremje norskprodusert mat og står bak merkeordninga Nyt Noreg, ei merking som skal sørge for at forbrukarane veit at det dei handlar er norskprodusert. I 2019 kom Matmerk med ein rapport som viser at salet av lokale, norske produkt aukar.

Den auka populariteten har også Coop Prix-butikkane bitt seg merke i.

- Eg opplever at det er ein viss forventning frå kundar om at vi skal tilby norske, regionalt produserte produkt. Det er ikkje tvil om at kundane vel norsk frukt og grønt, meiner butikksjefen.

Butikken følgjer sesongane og arbeider hardt for å dekkje etterspurnaden. Ambisjonen om å vere best på norsk frukt og grønt når det er tilgjengeleg heng høgt hos Coop Prix.

- Jamt over er norske basisvarer som potet, kål og gulrøter noko vi får tak i nesten heile året. Og så er vi så heldige som har fantastiske bergdalsjordbær lett tilgjengelig, legg ho til.

- Inntrykket mitt er at mange kundar føretrekk norsk og synes det er fantastisk på smak.

Felles for leverandørane er at dei er nøye valt ut av Coop. Produkt i verdsklasse er målet.

- Både vi og kundane ønskjer så høg andel norske produkt i våre butikkar som overhovudet mogeleg. Då er det moro at produkta vi tilbyr er av så høg kvalitet, fortel kategorisjef for frukt og grønt i Coop, Christine Frostmann.

Fantastiske smakar

Uforutsigbart vær er norske produsentars beste og verste ven. Dette har ført til at mange bønder dyrkar i moderne drivhus, utan at det går utover kvalitet. Agurk og tomat er to produkt som kundane elskar og som dyrkast fram heile året. Nypoteter, jordbær og crispsalat må også nemnast. Nokon nytenkande bønder i Rogaland har til og med starta dyrking av morellar og plommer i drivhus.

- Noko av hemmelegheita til den høge kvaliteten er nettopp vårt varierte klima. Det gir ein lang vekstsesong, noko som gjer at frukt og grønt-produkta som produserast her til lands får tid til å utvikle gode og reine smakar. Det ser vi kundane i Coop Prix set pris på, forklarer Frostmann.

Fellesnemnaren er at dei alle har fantastisk smak, flotte fargar og er rike på næringsstoff.

Frå jord til butikk

Norskprodusert betyr også kort reiseveg frå jord til butikk. Ein tomat er tilgjengeleg i din nærmaste Coop Prix-butikk få dagar etter den blei hausta.

- Det er godt å vite at ein er med og støtter norske bønder når ein handlar norsk frukt og grønt, seier Helle.

- Dessutan strekker vi oss ekstra langt for å vere den føretrekte nabolagsbutikken, og så godt det lar seg gjere prøver vi å ha eit breitt utval av norske produkt i vår butikk.

Det er element som dette som gjer Coop Prix til eit enkelt val i kvardagen: Det er fort gjort å stikke innom og finne det du treng til dagens middag.

Del artikkelen på Facebook